Kristne verdiar, til venstre eller høgre

Eg har vanskar med å forstå kristenfolket sin hang til hø¸gresida. Jesus var vensteradikalar i si samtid, eller «venstrevidd jævel» som konservative nettroll kallar det i dag.

Ikkje ein gong skattelette ville han vere med på (Matt., Kap.22, v.21) der han seier at Keisaren skal ha det som tilkjem han.

Det manglar ikkje dokumentasjon på kva han syntest om rike og grådige. Ei heller om det å hjelpe folk i naud og gje støtte til fattige. Ingen stad gjev Jesus uttrykk for at dei fattige skal gi det dei har til dei rike, slik Høgre/Frp har programfesta politikken sin. Ikkje akkurat høgrepolitikk Jesus gjer seg til talsmann for i evangelia. Vanskeleg, etter nitid finlesing av NT, å finne støtte for synspunkta til Tybring Gjedde eller Listhaug, som ligg nærare gammaltestamentleg sjargong, godt på veg i samsvar med Islam.

Jesus forsvarte ikkje prostitusjon, men han stÃøtta den prostituerte, men om han her er på linje med Hoksrud (Frp), er eg meir usikker på.

Jesus er klår på9 kva han meinar om den konservative eliten i si samtid, farisearar og skriftlærde (Frp likar heller ikkje dei skriftlærde). Ein stad kan ein likevel finne at han er på linje med Høgre og Frp. Det er når han gjer vatn om til vin, heilt avgiftsfritt, og når han refsar tenaren som ikkje forvalta talenta til herren sin (Matt., Kap. 25, v. 25-30) Dette siste utsagnet greip reformatoren Calvin seg merke i ein gong og legitimerte dermed dagens pengeutlånsspraksis. Stortinget sitt reisebudsjett kan også manipulerast i dette perspektivet, i konflikt med Islam.

Går Krf mot høgre, står Hareide att åleine på venstresida saman med Jesus, som allereie er der. Kanskje får han med seg 11 disiplar, kasseraren vert sikkert ikkje med.

Folkvard Nævdal